f

Vil du vera med på Voss Cup-laget?

Me i Voss Cup er heilt avhengige av dugnadshjelp. Kanskje kan du tenka deg å vera med i 2025?

Sjølv om det berre er september, er me i full gang med planlegginga av neste års Voss Cup. Alle foreldra i klubben gjer alltid ein kjempejobb under cupen, og stiller på ei dugnadsvakt kvar. Likevel treng me hjelp av fleire for å få det heile til å gå rundt. Me har ei gruppe på omtrent 50 avdelingsleiarar som alle legg ned ein stor innsats i si avdeling. Her er det naturleg nok utskiftingar innimellom, og også i år har me behov for nye krefter. Kanskje brenn du for miljøet vårt og kunne tenkt deg ei berande rolla i miljøavdelinga til Voss Cup? Eller har du kanskje alltid drøymt om å ta litt ekstra tak i grillen vår?

Me har ledige roller i mange av avdelingane, og frir til deg som er forelder i klubben, vaksen spelar, ven av klubben, tilreisande som ikkje er interessert i å sjå fotball men heller hjelpa til (ja, sånne typar eksisterer faktisk). Kort sagt; me treng deg som har lyst å gjera ein innsats, liten eller stor. Ta kontakt for ein uforpliktande prat. Du kan nå oss på e-post: vosscup@fbkvoss.no, eller på tlf: 41428488.