Ventelista
Voss Cup 2027 vart fullteikna med 720 lag etter berre tre dagar. Dei som har meldt seg på etter det har automatisk hamna på ventelista. Kva skjer med dei no?
Etter påmeldinga vart full, har me styrt inn dei siste laga for å fylla opp dei ulike klassane. Det vil seia at klassane J2015 og G2015 no er fulle. Lag i desse klassane som står på ventelista, vil få tilbud om plass etter tur, dersom allerede påmeldte lag trekker seg.
I øvrige klassar vil det stadig vera litt bevegelse framover, så det er gode muligheter for endringar på påmeldingslista. Difor oppmodar me laga på ventelista om å ha litt is i magen endå.
Me er utruleg takknemlege for alle som har meldt seg på, og skulle sjølvsagt gjerne tilby plass til alle som vil vera med. Men med litt tolmod vil det truleg løysa seg med plass for veldig mange.
