Early Bird tilbod Voss cup 2022

Velkommen til Voss Cup 2021

Påmelding Voss Cup 2021

Kjære fotball venner,

det er viktig å ha noko å glede seg til. Det er seks månader til Voss Cup og me vil bruka tida framover til å planlegge eit trygt og godt arrangement innanfor myndigheitenes rammer. Me gler oss enormt til å igjen kunne ynskje velkommen til sommarens vakraste eventyr?

Voss Cup, Noregs største barneturnering arrangerast 11.-13. juni 2021. Da ynskjer me hjarteleg velkommen til en innhaldsrik og fartsfylt helg. Her vil det bli minnerike opplevingar for små og store både på- og utanfor fotballbanene.

Me har mykje å sjå fram til i 2021. Det er 30 år sidan Voss Cup vart arrangert for fyrste gong (1991) og me skal feire 30 års-jubileum! På toppen av dette er FBK Voss 100 år! Me planlegg difor ei stor jubileumsfeiring i 2021 og gleder oss enormt til å sjå dykk igjen?

Minnar om vårt Early Bird tilbod. Alle spelarane på kvart lag som meld seg på før 24.12.2020 vil få 1 dagskort i Myrkdalen og 1 dagskort i Voss Resort for vintersesongen 2021. Meld på ditt lag, betal påmeldingsavgift på kr. 700.- pr. lag og få dagskorta til spelarane.

Me ynskjer alle samarbeidspartnarar, støttespelarar, klubbar, lag, trenarar, lagleiarar, fotballspelarar og ikkje minst alle dugnadsmedarbeidarar ei riktig god jol og eit framgangsrikt godt nytt år.

Me gler oss til 2021?

Ta vare på kvarandre og vær raus med kvarandre.

Hallgeir Finbråten

-Turneringsleder-Markedssjef

Voss Cup

Mob. 95 17 14 88