
Status ventelista
23 lag står fortsatt på venteliste til årets Voss Cup, er det håp om å få plass?
Svaret er ja, det er fortsatt mogleg. Men det er vanskeleg å sei kortid ein eventuelt får plass. Per no er det så og seia fullt, me jobbar fortsatt med å få ei avklaring rundt nokre lag. Dersom og når det vert ledige plassar slepp me fortløpande inn lag.
For at me skal få svart dei på ventelista så snart som råd er, oppmodar me om fylgjande:
– dei som har meldt på lag og fortsatt ikkje betalt påmeldingsavgift må anten betala og sikra plassen sin, eller trekka laget og gje frå seg plassen.
– dei som har meldt på fleire lag i same klasse for å få nok speletid må ta ei oppteljing på kor mange spelarar som skal vera med, slik at ein veit kor mange lag ein faktisk har spelarar til.
I tillegg veit me at det skjer uforutsette ting i tida rett før cupen med sjukdom, skadar o.l., så nokre lag kjem til å måtte trekka laget sitt av slike grunnar. Det vil sei at det kan opna seg plassar heilt tett opptil Voss Cup, men me har full forståelse for at folk ynskjer å melda seg på andre cupar dersom ein ikkje får svar i løpet av kort tid.
Per no er dette diverre det mest konkrete svaret me kan gje. Me takkar for tolmodet, og respekterer om nokon ikkje ynskjer å venta meir, men dei som vil må veldig gjerne fortsetta å stå på ventelista. Plutseleg dukkar det opp ein ledig plass.