
Eirik Erdal, Magnus Tveit og Sunniva Vikøy frå hovudsponsor Sparebanken Vest
Sparebanken Vest er stolt hovudsponsor
Sparebanken Vest er hovudsponsor til Voss Cup. Sentralt på Prestegardslandet står banksjef Magnus Tveit saman med rådgjevarane Sunniva Vikøy og eirik erdal og smiler om kapp med kvarandre, sola og fleire tusen cupbesøkande.
– Det er eit fantastisk arrangement som me er stolte av å få vera hovudsponsor til, seier Magnus Tveit om et han ser.
Han seier det er viktig å for banken å bidra i lokalsamfunnet.
– Me skal støtta lokale og gode engasjement. Det som imponerer meg mest, er kva FBK Voss har fått til med Voss Cup, og at klubben klarer å halda det gåande, seier Magnus Tveit.