
Snart klart for Voss Cup 2025
Det er ikkje mange veker att til årets Voss Cup, og som me gler oss!
Ei lita statusoppdatering fylgjer:
- Voss Cup er fullteikna. Nokre lag står fortsatt på ventelista, og dersom eit anna lag trekk seg er det fortsatt håp om å få plass.
- Årets film er som alltid gratis for alle med deltakarband. I år syner me Super-Charlie. 100 kr for dei utan deltakarband.
- Fristen for å bestilla A-kort er 5.mai. Så fort me har lagt overnattingskabalen etter det, får de vita kor de skal bu.
- Kampoppsettet er klart 1.juni.
- I Profixio kan du også bestilla lagfoto, det vert garantert eit minne for livet.
- Grasmattene ser betre ut enn nokon gong, det lovar bra for gode fotballopplevingar.
- Utebassenget med flunkande nytt garderobeanlegg vert ferdig i god tid før cupen. Her skal det badast!
- I år blir det rett og slett slush på Voss Cup.
- Merk deg allerede no at i kiosken vår Garasjen finn du kyllingpylser og glutenfrie varer.
- Me har bestilt fint ver, og ein skal ikkje sjå vekk i frå at det kan slå til.
- Me ventar besøk av 740 lag, 7000 spelarar og til saman ca 15 000 fotballvener. Dette blir heilt rått!