UAS0709

Smelte og Smøre sjarmerte alle

– Kan eg få ein klem? Eg og? Og meg! 

Maskotane Smelte og Smøre fekk ikkje gå i fred eit einaste sekund då dei gjekk ein tur for å helsa på spelarar på Voss Cup. 

Maskotane er på oppdrag for Kavli og det var liten tvil om at dei slo godt an. «Alle» ville ta high-five, selfie eller ha ein klem. Og trass i kring 30 varmegrader og sol tok både Smelte og Smøre seg god tid.

På grasbanen møtte dei eit jentelag frå Sandviken, som umiddelbart stilte seg opp for lagbilete. Etter ei tid måtte Smelte og Smøre trekkja inn, for å ikkje smelta bort. Men fylg med, kanskje kjem dei ein tur til for å seia hei.