Alexander og Ulrik frå Søreide vann første kamp, og var tidleg ute med å skaffa seg fotballkort.
Alexander og Ulrik frå Søreide vann første kamp, og var tidleg ute med å skaffa seg fotballkort.

Skaff deg fotballkort, men ver tidleg ute. Her vert det kø

Alexander og Ulrik frå Søreide var mellom dei første som skaffa seg fotballkort frå årets Voss Cup.

– Dei er i godt humør, for dei vann første kampen, kan fedrene til fotballgutane fortelja.

I Vossabadet ventar kompetente frivillige på spelarar som vil laga seg eit heilt eige minne frå Voss Cup. Kva er vel betre enn å fått sitt eige fotballkort, både som minne og som du kan bruka for å byta til deg kort frå andre spelarar.

Fotballkort er populært, og her kan det raskt verta kø når mange vil ha fotballkort samtidig. Så her kan det vera lurt å vera litt tidleg ute. Dersom pågangen er litt jamt fordelt, vert ikkje så mykje venting. Og tida kan nyttast til å bada, sjå fotball, eta og treffa nye vener.