
Påmeldinga er opna
Kjære gode fotballvener!
Då har påmeldinga til sommarens vakraste eventyr opna! 16.-18.juni er me klare for å ta i mot lag i alderen 7 til 12 år til ei fartsfylt helg med fotball, nye vennskap og minnerike opplevingar. Melder ein på laget før 24.desember får kvar spelar eit dagskort i Voss Resort og eit dagskort i Myrkdalen for sesongen 2022/2023. Så start planlegginga no!
For å nytte dykk av Early Bird tilbodet så gjer de følgjande:
- Trykk på knappen «Påmelding» under
- Meld på laget og betal påmeldingsavgifta
- Send ei melding i profixio om kor mange spelarar det er på laget – skriv og adressa til lagleiar
- Me sender dagskorta i posten
Så er det berre å ta seg ein tur på ski, medan ein gler seg til Voss Cup !
Hjarteleg velkomen til Voss og Voss Cup 2023!