Kva skjer under Voss Cup?
Alle lag skal sjølvsagt spela fire kampar, men kva skal ein gjera resten av tida?
Oppvisningskamp: årets fyrste kamp på bane 1 er ein oppvisningskamp. Kl. 17.00 spelar FBK Voss sitt Superlag mot Voss Allstars. På Voss Allstars spelar mellom anna verdas eldste keeper, Kenneth Klette, ordførar Tonje Såkvitne og tidlegare kulekøyrar Kari Traa. Her vert det stor stemning, møt opp for å heia!
Kino: alle med deltakarband (A-, B- eller C-kort) kan gå gratis på kino i Voss Kulturhus. I år viser me filmen Bukkene Bruse på badeland. Filmen kostar 100 kr for dei utan deltakarkort. Me nyttar alle tre kinosalane i Kulturhuset. Me oppmodar om at laga har med seg minst ein voksen på kino.
Visningar
Fredag: kl 18.00
Laurdag: fyrste visning startar kl 10.00. Ny visning kvar heile time fram til kl 19.00.
Sundag: fyrste visning kl 10.00. Ny visning kvar heile time fram til kl 13.00.
Disko: i år vert det todelt disko på laurdag kveld. Det vert musikk, dans, popkorn og god stemning i diskoteltet rett ved sida av Grillen.
Kl 18.00-19.30: disko for 2017, 2016 og 2015.
Kl. 20.00-21.30: disko for 2014, 2013 og 2012
Aktivitetspark: me anbefaler å ta ein tur i aktivitetsparken nede ved utescena. Her kan du få utfordra deg sjølv i lag med andre fotballglade gutar og jenter. Kanskje får du ein ny ven?
Kor hardt skyt du? Me set opp radar og måler farten på skota.
Ta med laget ditt og spel fotball i vår oppblåsbare ballbinge.
Det vert ulike konkurransar, med mulighet til å vinna fine premiar.
Fotballkort: også i år er det mogleg å laga sine eigne fotballkort. Ta turen opp i 2.etasje i Vossabadet og få laga dine heilt personlege fotballkort til kun 80,-.
Mat: på turneringsområdet finn du fleire kioskar og serveringsstadar. Her kan du få kjøpt eit utval av sjokolade, pølse i brød, vafler, frukt, snacks og drikke.
På parkeringsplassen mellom Idrettshallen og campingplassen finn du grillen. Her kan du få kjøpt herleg grillmat til gode prisar. Dei kan frista med mellom anna fish and chips, kvalitetspølser frå Vossakjøt, og grilltallerken.
Nede ved skateparken kan du kjøpa rykande varm pizza frå Peppes Pizza. I kiosken Garasjen ved Kiwibanen har me kyllingpølser og glutenfritt pylsebrød