Me har gleda av å invitere alle dykk til Voss Cup 2021. FBK Voss er stolt arrangør av denne festhelga for barnefotballen. Voss Cup, Norges største barneturnering, arrangerast 11.-13. juni 2021. Då ynskjer me dykk alle hjarteleg velkommen til ei innhaldsrik og fartsfylt helg. Her vil det bli minnerike opplevingar for små og store både på- og utanfor fotballbanane.

Påmelding Voss Cup: 11. – 13. juni 2021

Early Bird tilbod 01.11.2020 – 24.12.2020

Me åpner påmeldinga til Norges største barneturnering 01.11.2020

Alle spelarane på kvart lag som meld seg på før 24.12.2020 vil få 1 dagskort i Myrkdalen og 1 dagskort i Voss Resort for vintersesongen 2021. Meld på ditt lag, betal påmeldingsavgift på kr. 700.- pr. lag og få dagskorta til spelarane.

Voss Cup, Norges største barneturnering arrangerast 11.-13. juni 2021. Da ynskjer me hjertelig velkommen til en innholdsrik og fartsfylt helg. Her vil det bli minnerike opplevingar for små og store både på- og utanfor fotballbanene.

Voss Cup 30 års jubileum

Me har mykje å sjå fram til i 2021. Det er 30 år sidan Voss Cup vart arrangert for fyrste gong (1991) og me skal feire 30 års-jubileum! På toppen av dette er FBK Voss 100 år! Me planlegg difor ei stor jubileumsfeiring i 2021 og gler oss enormt til å sjå dykk igjen.

Covid-19 smittesituasjonen neste år er helt umogleg å spå. Det er viktig å ha noko å glede seg til. Det er åtte månader til Voss Cup og vi vil bruke tiden framover til å planlegge et trygt og godt arrangement innanfor myndigheitenes rammer. Vi gleder oss enormt til å igjen kunne ønske velkommen til sommarens vakraste eventyr😊

Voss Cup Early Bird tilbod

Facebook event

Påmelding Voss Cup: 11. – 13. juni 2021

Hjertelig velkommen til Voss og Voss cup 2020

Hallgeir Finbråten

-Turneringsleder-Markedssjef

Voss Cup

95 17 14 88