
Dugnadspåmeldinga er open
No kan du melda deg til dugnad under Voss Cup 2025!
Vårt nye dugnadssystem er opna, og no kan ein gå inn for å registrera seg her. Me kan anbefala at ein nyttar alternativet «logg inn med Vipps». Du vel kva dag og avdeling du ynskjer å jobba, så kjem dei aktuelle vaktene opp. Dersom det ikkje kjem opp nokre vakter betyr det at det ikkje er vakter den dagen i det heile tatt, eller at alle vaktene den dagen er tatt. Når du har valt deg ei vakt og lagra, får du ein e-post med bekreftelse på at du er registrert. Fram til 1.juni har du mulighet til å endra valet ditt. Dersom du treng tilpassing etter det, må du ta kontakt på vosscup@fbkvoss.no. Over 200 har allerede registrert seg, så her er det berre å kasta seg på trenden og melda seg.
Alle som ynskjer å jobba dugnad hjå oss er hjarteleg velkomen, anten du er medlem av klubben eller ikkje. Me er utruleg takksame for alle som vil hjelpa til, utan dykk vert det ikkje cup. Vel møtt til dugnad!