ED4C5261-631D-4747-A914-AA89D4037B1D

Klar for Voss Cup? Fire dagar igjen!

Det nærmar seg for alvor årets store oppleving; Voss Cup! For å kome i den riktig cupstemninga har me tatt pulsen på nokre lag, for å sjekka kor klare dei er for cup!


Fyrst ut er FBK Voss G2012!

  1. Kva vert det kjekkaste med Voss Cup?
    Utan tvil kampane, seier gutane i kor! Me gler oss skikkeleg masse til å spela mot nye lag, og det vert og veldig kult å spela på fine grasbanar igjen. Me gler oss til å skora, feira, redda og vera saman.
  2. Har de vore på Voss Cup før?
    Ja, me har vore med alle år me har kunna. Eit år vart det avlyst på grunn av Corona, og eit år var det ein begrensa cup. Det beste minnet er frå fyrste året me var med. Då lagde me eigen song og musikkvideo. Det var kult!
  3. Korleis skal de koma dekan til Voss Cup?
    Me er så heldige at me kan sykla, me bur i nærleiken til sentrum alle saman.
  4. Utanom fotballkampar, kva anna skal de gjera under Voss Cup?
    Fotballkort skal me ha! Me skal og på discoen på Laurdag. Blir det varmt skal me og vera i Vangsvatnet. Me gler oss til å vera saman, og eta is! Så skal me sikkert på kinoen også!
  5. Og, trenarane; kva gler dei seg mest til med Voss Cup?
    Voss Cup er utan tvil årets store eventyr for desse gutane. Dei har snakka om det i mange månader allereie. Dette er fotballglede på sitt beste. Me gler oss masse til å skape gode opplevingar og minner saman. Voss Cup er lagbygging på høgt nivå!

Takk til denne energiske gjengen frå FBK Voss G2012 for at dei delte dette me oss! Me ynskjer dei lykke til på cupen, og gler oss til å bytte fotballkort med dei!
Å vene Voss er nydelig!