kj

Kjære fotballvener!

Det er med stor gleda eg kan ynskja dykk alle hjarteleg velkomne til Voss Cup nummer 35! Det er ei æra å leia eit så etablert arrangement, som utifrå etterspurnaden å dømma, fortsatt held seg like relevant.

Frå me opna påmeldinga til cupen vart fullteikna tok det kun åtte dagar. Det er ein fantastisk respons som gjer oss både stolte og audmjuke. Vit at me ikkje tar lett på ansvaret me har, når me tar i mot over 15 000 personar på ei helg. Her skal alle føla seg velkomne, trygge og ivaretatt.

Fotballen skal alltid spela hovudrolla på Voss Cup, og me ynskjer at alle spelarar skal få kjenna på idrettsgleda og meistring denne helga. Dessutan håpar me at aktivitetar som mellom anna kino, bading og disko skal vera med på å gje dykk minner for livet i lag med gode vener.

Voss Cup hadde ikkje vore noko utan alle dei fantastiske dugnadskreftene som er i sving, og eg vil retta ein stor takk til kvar og ein som stiller opp frivillig for å hjelpa til på fotballfesten denne helga. De er gode!

Til slutt ynskjer eg å understreka for alle at det som skjer på banen denne helga ikkje handlar om antal mål, feil eller riktig dommaravgjersla, siger eller tap. Dette er barnefotball, og resultatet betyr ingenting. Det er dei vaksne sitt ansvar å visa dette til spelarane gjennom ord og handlingar. Ver eit godt føredøme! Me kjem til å slå hardt ned på uønska oppførsel frå både born og vaksne, og har sjølvsagt nulltoleranse for ufin språkbruk, vald og stygge kommentarar.

Eg har stor tru på at me saman skal få ei fantastisk fin helg, for det er trass alt ingen fotball som er betre enn barnefotballen.

Velkomne til Voss og lukke til med årets cup!

Med beste helsing

Kjersti Solvoll Bakketun
Turneringsleiar