_R2I3048

Voss Cup 2026 rett rundt hjørna

Det er berre fire små dagar til me sparkar i gang, og no er det lurt å få dei siste detaljane på plass.

  • Måndag 8.juni er siste frist for å bestilla B- og C-kort. Dette gjer ein i Profixio under «Tjenester».
  • Me gjer merksam på at alle deltakarkort må vera betalt før ankomst.
  • Lagfoto bestiller ein også i Profixio. Her vel ein sjølv kortid ein går ned til fotografering innanfor desse tidsromma: fredag 18.00-20.00, eller laurdag 10.00-14.00.
  • Me startar helga med opningskamp mellom Superlaget og Sponsorlaget kl 16.30 på bane 1. Møt opp for å heia!
  • Ikkje gløym diskoen i teltet ved Grillen laurdag kveld. Les meir i infobrosjyra eller på nettsida.
  • Les dykk opp på Voss Cup sine Voksenreglar og Trafikkvettreglar.
  • Førebu dykk på å vera flinke til å sortera alt boset dykkar i løpet av helga.
  • Meterologane har tatt feil før, det kan endå bli fint ver.
  • Sjekk kampoppsettet i Profixio heilt fram mot cupstart, så de er sikre på at de har fått alle endringar med dykk.
  • Gled dykk til cup, dette vert kjekt uansett ver!