_R2I2886

Ein månad til Voss Cup 2026

Om kort tid sparkar me i gang årets Voss Cup, er du klar?

1.juni publiserer me kampoppsett og overnattingsfordeling. Dersom laga har ynskjer i samband med dette, må det leggast inn som kommentar i Profixio så fort som råd. Alt som står der vert lese, men det er diverre vanskeleg å innfri alle ynskjer. Me gjer vårt beste for at flest mogleg skal verta nøgde.

8.juni er siste frist for å bestilla B- og C-kort. Dette gjer ein også i Profixio. Me gjer merksam på at deltakarkorta må vera betalt før ein kjem på cupen.

Me oppmodar alle som lurar på noko i samband med cupen om å fylgja oss i sosiale media, og lesa seg opp på vosscup.no. Der skal ein finna svar på det aller meste.

For dei som skal ta bilen til Voss frå Bergen denne helga, kan me ikkje få understreka nok, viktigheten av å vera tidleg ute. Det vil verta masse trafikk i tillegg til anleggsarbeid på vegen. Reis tidleg nok, eventuelt så går det sjølvsagt alltid eit tog.

Velkomne til Voss Cup 2026, me nærmar oss klare til å ta dykk alle imot.