Ta toget til Voss Cup
Også i år har me eit godt samarbeid med Vy. Me oppmodar difor så mange som mogleg til å la bilen stå att heime, og heller ta toget til Voss Cup. Frå stasjon er det gangavstand til heile cupområdet og alle banar. Ut til overnattingsstadane som ikkje ligg i sentrum kan ein anten ta shuttlebuss eller bestilla seg buss. Å ta toget er enkelt, trygt og miljøvennleg. Les meir om avgangar og prisar her.
