Voss Cup 35 år i 2026
Voss Cup vart arrangert for fyrste gong i 1991. Den gong deltok 90 lag. Sidan har me vokse gradvis, og per no har me 729 lag påmeldt til årets cup. Berre ei gong har me måtte avlyse cupen, då koronapandemien satte ein stoppar for det meste i 2020.
Me er stolte av å vera arrangør av ein så voksen cup, som fortsatt står seg veldig godt. Me har heile vegen hatt eit sterkt ynskje om å ta vare på kanskje den største suksessfaktoren vår; nemleg at cupen er så kompakt. Her er det gangavstand mellom alle banar, til matsal, til sentrum, til togstasjonen og til veldig mange av overnattingsstadane våre.
Me skal vera forutsigbare, her er det fyrst og fremst idrettsgleda som står i sentrum. Kontinuerleg jobbar me med å verta endå betre på det me allerede driv med. Likevel håpar me å kunne by på nokre overraskingar under 35-års jubileet i år. Me gler oss til å ta dykk imot til jubileumscup i juni, velkomne!
