Me rettar blikket mot Voss Cup 2026
Voss Cup 2025 er historie, og me er utruleg takksame for alle som var med oss den helga. Me håpar alle hadde fine dagar og fotballopplevingar, og at de sit att med gode minner frå Voss.
No rettar me blikket mot 2026 og Voss Cup sitt 35-års jubileum. Me opnar påmeldinga til neste års cup 1.november, og me håpar at mange vil vera med på fotballfest på Voss. I høve jubileet vil det verta diverse overraskingar, men det viktigaste av alt er fortsatt fotball og idrettsgleda. Me skal sørga for at dette nok ei gong vil stå i fokus. Hald av helga 12.-14.juni 2026 allerede no. Me tipsar om at det kan vera lurt å skaffa seg overnatting allerede no for dei som ikkje ynskjer A-kort. Erfaringsmessig vert det tidleg fullt.
Og når påmeldinga til cupen opnar er det ingen grunn til å venta. I fjor vart det fullt hjå oss etter to veker.
