akt

Sparebanken Vest aktivitetspark; plassen for leik, konsert og morro!

I år skal me også ha vår populære aktivitetspark. Aktivitetsparken finn du på Prestegardslandet. Ta turen hit for å ha det litt ekstra morro mellom kampane.

Sparebanken Vest Aktivitetspark er ope:

  • Fredag 16:00-21:00
  • Laurdag 09:00-20:00
  • Sundag 09:00-15:00

Her får du prøve fleire ting, blant anna:

  • Skotradar!💥 Kom og prøv ut kven på laget som har det hardaste skotet.
  • Minifottball på vår 3 mot 3 bane; god gammaldags løkkefotball.
  • Ulike konkurransar med flotte premiar.
  • Vår hovudsponsor Sparebanken Vest stiller så klart her.


Trikseshow
Lørdag er me så heldige å få besøk av ein av Noregs beste i freestyletriksing; Sindre Herre Hansen ⚽️
Han er på plass klokka 11:00, 14:00 og 17:00. Ta turen for inspirasjon, og lær deg nokon nye triks!

Konsert

Laurdag vert det og konsert med unge lokale musikara 🥁 Dei speler opp på utescena klokka 14:30, 15:00 og 15:30.

Discoteket

Til slutt på laurdagen rundar me av med konsert og disco i «Grillteltet». Discoen er frå 18:30-21:00

Me gler oss enormt til å sjå dykk i parken!