
Me tel ned: to dagar igjen! Bjørgum-jentene gler seg ellevilt til årets cupeventyr!
Det nærmar seg for alvor årets store oppleving; Voss Cup! For å kome i den riktig cupstemninga har me tatt pulsen på nokre lag, for å sjekka kor klare dei er for cup! I dag tar sjekkar me cup-nervane på superjentene får Bjørgum!
- Kva vert det kjekkaste med Voss Cup?
Me gler oss aller mest til å spela mot nye lag på cupen. Så blir det ekstra kjekt at me får så fint vær i år! Når det er Voss Cup, så er sommaren i gang. Det gir oss ein sommarfølelsen! - Har de vore på Voss Cup før?
Ja, me har vore med alle år me har vore gamle nok. Under Corona blei cupen avlyst, det var skikkelig kjipt. - Korleis skal de koma dekan til Voss Cup?
Me bur på Bjørgum på Voss, men det er litt langt vekke frå sentrum. Så me skal køyra bil. Kanskje nokon vil sykla sidan det skal bli så fint vær. - Utanom fotballkampar, kva anna skal de gjera under Voss Cup?
Me skal eta MASSE is! Og så er det viktig å få i seg nok væske i det varme været. Me skal og sjekke ut aktivitetsparken. - Og, trenarane; kva gler dei seg mest til med Voss Cup?
Trenarane gler seg til å se gode pasningar, harde skot på mål og sjå at me gjer vårt beste, trur jentene.
Voss Cup ynskjer Bjørgum-jentene velkomen til ei strålande cup helg! Det vert spennande å sjå om det vert flest mål eller is i løpet av cup-helga.

