Voksenreglar
Voss Cup er ein fotballfest for born. Det er viktig for oss at dei voksne oppfører seg som akkurat det dei er - voksne. Det klarer me sjølvsagt alle, men i kampens hete kan det koka over for einkvar. Me håpar våre voksenreglar kan vera ein peikepinn på kva som bør vera fokuset.
- Alkohol og tobakk høyrer ikkje heime under Voss Cup.
- Respekter dommarar og banevakter, mange av dei er også born.
- Ver eit godt førebilete, i handlingar og ord.
- Kampresultatet betyr ingenting, her er alle vinnarar.
- Ver oppmuntrande og positiv.
- Hjelp spelarane med å utvisa god sportsånd.