Trafikk / transport

Transport til Voss Cup, rein cup miljøvenneleg

Foto: NSB / Ole Walter Jacobsen

Trafikk og transport

Det er fleire ulike måtar å komme seg til Voss Cup på, og me vil at alle skal ha det trygt og godt både under, før og etter Voss Cup. Me tilrettelegg difor for å informere best mogleg om trafikale løysingar knytt til Voss Cup. Følg med på sidene våre!

Trafikk / parkering

Det er venta mange tilreisande til Voss i samband med turneringa. Voss Cup har eit samarbeid med politiet når det gjeld trafikkdirigering og parkering. Voss Cup vil i tillegg ha eigne parkeringsvakter som organiserer trafikken i nærleiken av baneområdet. Ein oppmodar samtlege om å fylgja dei informasjonsskilta og tilvisingar som vert gitt.

Grunna stor trafikk på E16 må ein rekna god tid. Lokale lag vert oppmoda om å ikkje å køyra til turneringsområdet.

Me tilbyr gratis parkering under Voss Cup hjå Sylvsmidja og Vossafår/gamle meieriet. Me minner også om at det er mange parkeringsplassar ved Voss Sjukehus i helgene, hugs betaling.

Bruk bilbelte!