Parkering under Voss Cup
Voss Cup har gratis parkering ved Sylvsmidjo, Tine gamle meierier og Vossafår. Våre parkeringsvakter står klar til å hjelpa så godt dei kan. Me oppmodar om å vera ute i god tid, og å utvisa tolmod. Det er mykje trafikk i Voss sentrum denne helga, og mange mjuke trafikantar langs vegane. Vis hensyn!
Me oppmodar om å nytta seg av toget til Voss om det er mogleg. Ein kan også velja å parkera i utkanten av sentrum for så å ta vår shuttlebuss inn til sentrum.
På nettsida til Voss Parkering kan ein få oppdatert parkeringsinformasjon på Voss. Me minnar om at ein må betala avgift på offentlege parkeringsplassar i sentrum.
Det er viktig at ein respekterer parkeringsreglane under cupen, for alle sitt beste.
