Overnatting

Overnatting

Alle spelarar og voksne som skal ha overnatting i Voss Cup sin regi, MÅ ha A-kort.

  • Minst to lagleiarar/vaksne må overnatta saman med spelarane.
  • I klassane 10, 11 og 12 år er det maks fire overnattande voksne per lag.
  • I klassane 7, 8 og 9 år oppmodar me sterkt om at laga ikkje har med fleire voksne overnattande enn naudsynt.
  • De bestiller det antalet A-kort de ynskjer, så får de tildelt ein overnattingsstad som passar dykkar behov.
  • Me presiserer at overnattinga vår er eit tilbod til spelarar og voksne som fylgjer laget, ikkje øvrig familie.

  • Merk at det ikkje er lov med breiare madrasser enn 90 cm.

Ordensreglar

  • Dette er ei barnefotballturnering, og alkohol høyrer ikkje heime her.
  • Røyking på overnattingsområdet er ikkje lov.
  • Respekter dei tilpassa ordensreglane på kvar enkelt overnattingsstad.
  • Dei fleste overnattingsstadane skal brukast alt måndagen etter Voss Cup. Lat lokala sjå like fine ut ved avreise, som ved ankomst.

Busstransport

For dei overnattingsstadane som ikkje ligg i gangavstand til cupen, går det shuttlebuss. Der shuttlebussen ikkje går, er det mogleg å tinge buss på tlf: 469 20 747 Merk at denne telefonen opnar torsdagen før cupen. Me oppmodar om å vera tidleg ute med å ringa.

Privat overnatting

Dersom de ikkje skal ha deltakarkort, men treng overnatting kan me anbefala å ta ein kikk hjå vår gode samarbeidspartner, Voss Resort. https://www.vossresort.no/overnatting

 

Overnattingsplassar Voss Cup 2026

Me nyttar mange ulike overnattingsplassar under cupen. Under finn ein adressa til dei ulike stadane. Totalt har me over 4000 born og vaksne på overnatting hjå oss denne helga. Alle  overnattingsplassar har ein husansvarleg, og våken nattevakt. Me jobbar for at alle skal få ei god oppleving hjå oss. Ved spørsmål send e-post til vosscup@fbkvoss.no.

Innsjekk fredag

frå kl. 17:00 og utover

Utsjekk søndag

seinast kl. 12:00

Førebels oversikt adresser

 

Bjørgum skuleTjørnahaugane 60
Bulken skuleRekvesvegen 94
Fleischer’s Hotel Evangervegen 13
Gjernes skuleGjernesmoen 8
GamlekinoenSkulegata 15
Gullfjordungen skuleGeili 8
KringsjåStrengjarhaugen 6
Klausabakken barnehageSverresbakken 10
Kløve barnehageRaundalsvegen 360
NainGymnasvegen 4
Palmafossen skule Tjukkabygdvegen 29
Park HotelUttrågata 3
Rogne barnehageStrengjarhaugen 11
Salt VossStrandavegen 15
Skulestad skule Strandavegen 334
SkyttarhusetBjørkemoen 109
Tvildemoen barnehageRegimentsvegen 235
UngdomshallenUttrågata 18
VonheimHestabakkvegen 1
Voss barnehageRegimentsvegen 126
Voss FrelsesarmeenLekvemoen 11
Voss GymnasGymnasvegen 5
Voss KulturhusEvangervegen 6
Voss Ungdomsskule Olavsvegen 5
Voss Vidaregåande skuleStrandavegen 252