Fair play
Vår Fair Play-avdeling jobbar for at alle skal ha ei god oppleving på Voss Cup; spelarar, tilskodarar, trenarar/støtteapparat og dommarar. Me har banevakter på alle våre banar og dei kjem til å vera tydelege og aktivt til stades under heile cupen, og vil slå hardt ned på uønska oppførsel. Alle saker av betydeleg alvorlighetsgrad vert meldt inn til vår Fair Play-avdeling, og behandla der.
Voss Cup forheld seg til NFF sine reglar og retningslinjer i samband med Fair Play. Dette kan ein lesa meir om her og her.
Me ynskjer likevel å presisera at alle spelarar og og trenarar/lagleiarar skal innretta seg etter fylgjande punkt:
- Fair Play-helsing før og etter kampen.
- Spel fin fotball (alle spelarar skal ha lært av trenaren sin kva dette inneber).
- Nulltoleranse for stygg språkbruk.
- Ugreie hendingar og situasjonar vil verta meldt inn og fulgt opp.
- Dommar og banevakt har all myndighet på banen.
- Alle vaksne som kjem til Voss Cup skal lesa seg opp på våre vaksenreglar (sjå under).
