Kva skjer under Voss Cup?

Det er mykje å finna på mellom kampane. Ta med laget på ein av våre aktivitetar, eller kom åleina og få ein ny ven. 

 

Kino

Alle med deltakarkort (A-, B- eller C-kort) kan gå gratis på kino i Voss Kulturhus. For dei utan deltakarkort kostar filmen 100 kr. Årets film vert annonsert når det er klart.

Visningar

Fredag: kl 18.00

Laurdag: fyrste visning startar kl 10.00. Ny visning kvar heile time fram til kl 19.00.

Sundag: fyrste visning kl 10.00. Ny visning kvar heile time fram til kl 13.00.

Aktivitetspark

Mellom fotballkampane anbefaler me å ta ein tur i aktivitetsparken nede ved utescena. Her kan du få utfordra deg sjølv i lag med andre fotballglade gutar og jenter. Kanskje får du ein ny ven?

Kor hardt skyt du? Me set opp radar og måler farten på skota.

Ta med laget ditt og spel fotball i vår oppblåsbare ballbinge.

Det vert ulike konkurransar, med mulighet til å vinna fine premiar.

Disko

Det vert det disko i to puljer i teltet mellom Utebassenget og Idrettshallen på laurdag.

Kl 18.00-19.30 for 2019, 2018 og 2017-kulla.

Kl 20.00-21.30 for 2016, 2015 og 2014-kulla.

Fotballkort

Også i år er det mogleg å laga sine eigne fotballkort. Ta turen i X-partner teltet og få laga dine heilt personlege fotballkort til kun 80,-.

Kiosk

På turneringsområdet finn du fleire kioskar og serveringsstadar. Her kan du få kjøpt eit utval av sjokolade, pølse i brød, vafler, frukt, snacks og drikke.

På parkeringsplassen mellom Idrettshallen og campingplassen finn du grillen. Her kan du kjøpa herleg grillmat til gode prisar. Dei kan frista med mellom anna Vossakebab, fish and chips, kvalitetspylser frå Vossakjøt, og grilltallerken.

Nede ved skateparken kan du kjøpa rykande varm pizza frå Peppes Pizza. I kiosken Garasjen ved Kiwibanen har me kyllingpølser og glutenfrie alternativ.