Shuttlebuss

Voss Cup har fleire shuttlebussar som går heile tida, i to forskjellige ruter.

Rute 1: Tinghuset - Voss Vidaregåande – Coop Extra - Skulestad skule – Voss Vidaregåande skule – Tinghuset

Rute 2: Tinghuset – Langebrua - Palmafossen skule – Tinghuset

Fredag køyrer bussane klokka: 16.30-22.00

Laurdag køyrer bussane klokka: 07.00-22.00

Sundag køyrer bussane klokka: 07.00-16.00

 

Bestille transport

Dei som har A-kort og bur på overnattingsplassane våre, kan også bestilla transport via sekretariatet til Voss Cup. Dette gjeld dersom ein ikkje bur i gangavstand til banane, og ikkje bur på ruta til shuttlebussen. Merk at Bjørgum skule, Bulken skule og Skyttarhuset på Bjørke har fyrste prioritet, men andre overnattingsstadar kan også bestille buss.

Ver ute i god tid med bestillinga, og ha klar klubb og lagnamn, kor de skal hentast, antal personar, kontaktperson og tidspunkt. Pass på at de er klare når transporten kjem.

Frå måndag 8.juni og fram til onsdag 10.juni kl. 18.00 kan ein forhåndsbestilla transport til helga, ved å senda e-post til vosscup@fbkvoss.no. Hugs då å få med alle nødvendige detaljar.

Sekretariat tlf: 469 20 747 (tlf opnar torsdag kveld før cupen).