VELKOMEN TIL VOSS CUP 15.–17. JUNI 2018

Matservering



Voss Cup oppmoder laga om å nytta matserveringstidene på ein slik måte at me kan unngå lange køar. Saman med å gjera opphaldet i matsalen så kort som mogleg, aukar det trivnaden med å vera på Voss Cup. Servering av mat vil føregå i Voss Idrettshall. Alle må visa fram A-kort/ B-kort når ein går inn i matsalen.

Opningstidene er som fylgjer:

  • Kveldsmat fredag kl. 18.00 -21.30
  • Frukost laurdag kl. 07.00 -10.00
  • Middag laurdag kl. 12.30 -16.30
  • Kveldsmat laurdag kl. 18.00 -21.30
  • Frukost søndag kl. 07.00 -11.00

NB! Ved frukost søndag er det høve til å smørja seg lunsjpakke.