VELKOMEN TIL VOSS CUP 16.–18. JUNI 2017

Deltakarkort

 


Påmelding HER.
Ein kan velja mellom A-kort, B-kort eller C-kort

Innhald A-kort B-kort  C-kort
Overnatting på skular el. tilsv.
(Ta med sovepose og underlag)
x    
Seks måltid i matsalen *) x x  
Minnepremie x x x
Aktivitetshefte x x x
Tilgjenge til eiga kinoframsyning og utebassenget x x x
T-skjorte x x x
Lagfoto  x  x
Pris kr 850 ,- kr 640 ,- kr 350 ,-

*) Fredag: kvelds, laurdag: frukost, middag og kveldsmat, sundag: frukost og høve til å lage lunsjpakke

 

PREMIERING

Aktivitetshefte

Me vil at du skal koma att for å oppleva andre kjekke aktivitetar på Voss.

Alle deltakarar får kort med gratis opplevingar som kan nyttast etter Voss Cup.

Aktivitetskorta blir delt ut til lagleiar ved innsjekk i sekretariatet.

Fylgjande aktivitetar er med:

- Flyging i vindtunnel, Voss Vind

- Dagskort i Myrkdalen

- Dagskort i Voss Resort

- Husdyrparken på Bordalen

- Familierafting, Voss Active

Sjå baksida av korta for premissar om bruk.

Kino

For deltakarar med A-, B- og C-kort vert det gratis kinoframsyningar. Andre betalar kroner 50,-

Filmen i år er: Info kjem
Kino framsyninga er i gamlekinoen ved Tinghuset. Det står "Voss kino" over inngangen.

Filmen vert vist annankvar time.

Laurdag kl. 10.00, 12.00, 14.00, 16.00, 18.00, 20.00
Sundag kl. 10.00 og 12.00

Det kan verta kø, vis omsyn!

T-skjorte

Alle som har kjøpt A-, B- eller C-kort får Voss Cup t-skjorte. Desse må hentast av lagleiar ved innsjekking.
T-skjorta vert og seld i salsteltet frå laurdag ca. kl. 12.00

Fotografering

Lagfoto til alle med A-, B- eller C-kort. Fotograferinga vert utført rett bak Voss Tinghus, merka F på banekartet. Tid for fotografering vert tildelt på førehand. Tidsplanen må fyljast skal ein makta å fotografera over 700 lag slik at bileta kan hentast frå kl. 15.00 på laurdag for dei som vert fotografert fredag, og frå kl. 10.00 på sundag for dei som vert fotografert laurdag.

Diskotek

Det vert også i år diskotek, først og fremst for dei to eldste årsklassane, laurdag kl. 19.00-21.30. Dette vert også i år i eit stort telt ved grillen. Sjå også banekart.

Minnepremie/ Diplom

Voss Cup minnepremie til alle med A-, B-, eller C-kort vert utlevert ved innsjekking. Diplom vert utlevert med lagfoto (sjå fotografering).