Bli med på Voss Cup til neste år

Voss Cup 2020 avlyst

Kjære gode fotballvener,

Det er med stor sorg at me må melda at Voss Cup 2020 er avlyst.

Voss Cup 2020 var planlagt arrangert 12. – 14. juni 2020. I håp om å få gjennomføre årets Voss Cup, bestemte me for å utsetje arrangementet til august. Laurdag kom regjeringa med ei forlenging av forbodet mot arrangement med meir enn 500 personer samla fram til 1. september og det blei diverre kroken på døra for årets cup.

FBK Voss er stolt arrangør av denne festhelga for barnefotballen og me er lei oss for at me ikkje får feira den saman med dykk i 2020. Men det kjem eit nytt år og nye moglegheiter! ?

FBK Voss er allereie i gang med å planlegge neste års turnering. Den blir 11. – 13. juni 2021, så merk av helga i kalenderen allereie no! ?

Me har mykje å sjå fram til i 2021. Det er 30 år sidan Voss Cup vart arrangert for fyrste gong (1991) og me skal feire 30 års-jubileum! På toppen av dette er FBK Voss 100 år! Me planlegg difor ei stor jubileumsfeiring i 2021 og gleder oss enormt til å sjå dykk igjen?

Ta vare på kvarandre! Vonar me sjåast neste år!

Velkommen til Voss og Voss Cup 11. – 13. juni 2021! ?⚽️?

Hallgeir Finbråten

-Turneringsleder-Markedssjef

Voss Cup

95 17 14 88