Kvart år legg foreldre, føresette og frivillige ned hundrevis av dugnadstimar i lokalidretten. Utan deira innsats og engasjement hadde ikkje barn og unge hatt det rike idrettstilbodet me har i Noreg. Me set utruleg stor pris på den dugnadsviljen alle trenarar og lagleiarar gjer for barna.

Alle som har deltatt på ei turnering, veit det er mykje ein trenar og/eller lagleiar må halde kontroll på. Påmeldinga til årets Voss Cup 2020 er godt i gang. Her er nokre viktige datoar i høve til årets turnering:

  • 16. juli: Frist for å bestille og betale A-kort er 16. juli.
  • 31.juli: Kampoppsett vil vere klart i slutten av juli.
  • 1. aug: lister over kva overnattingsstad dei ulike laga vert plassert på vil vere klar i byrjinga av august.
  • 1. august: Frist for B-kort og C-kort er 01.august.
  • 3. august: Fototider vil vere klar i byrjinga av august.

De gjer alle ein utruleg viktig jobb! Me gler oss så mykje til å sjå dykk alle 14.-16. august 2020!

Velkomen til Voss og Voss Cup 2020!