VELKOMEN TIL VOSS CUP 15.–17. JUNI 2018

Overnatting

Oversikt overnatting finn du her: 

Voss-Cup-overnatting-2017.pdf

Spelarar og leiarar som ynskjer overnatting på skular i Voss Cup sin regi, må kjøpa A-kort.

Minst ein lagleiar må overnatta saman med spelarane.

Vi presiserer at alle som skal overnatte på skular, ha A-kort.

A-, B- og C-korta som laga har bestilt, må hentast i sekretariatet i Voss Idrettshall. I same bygg vil også matserveringa føregå. Av omsyn til branntryggleiken på overnattingsstadene må lagleiar levera liste på overnattingsstaden til overnattingsansvarleg med namn på alle spelarar og andre som overnattar med laget.

 

INNSJEKKING

Sekretariatet finn du i Voss Idrettshall. Når du kjem til turneringa, alle laga venda seg til sekretariatet for innsjekking.

Opningstida for sekretariatet er:
Fredag kl. 15.00 - 22.00
Laurdag kl. 07.30 - 21.00
Søndag kl. 07.30 - 17.00

Turneringa sitt telefonnummer er: 56 52 91 00

 

REGLEMENT PÅ OVERNATTINGSSTADANE

  • Innsjekking på overnattingsstadane er frå kl. 17.00 på fredag.
  • Utsjekk er sundag innan kl. 12.00. Hugs å melda frå til vaktane før de reiser.
  • Deltakarane pliktar å retta seg etter overnattingsstaden sitt reglement.
  • Det er forbod mot alkohol og røyking på alle overnattingsstader
  • Det skal vera ro mellom klokka 23.00 og 07.00
  • Dersom det oppstår problem skal vaktane kontaktast.
  • Deltakarane ryddar sjølve ut og inn utstyr som er i rommet dei skal overnatta i.
  • Det skal vera minst 1 ansvarleg for kvart lag på overnattingsstaden
  • Fotballsparking inne på overnattingsstadane er forbode.
  • Laga byter og dusjar på overnattingsstaden
  • Det er forbode å campa (t.d. campingbil, -vogn eller telt) på overnattingsstadane sine område