VELKOMEN TIL VOSS CUP 14.–16. JUNI 2019

Forhåndsreglar i forhold til smitte

Vi har mottatt ein del henvendelsar i forhold til drikkevatn og problematikken knytt til Askøy området.

Vi har i den samanheng vore i kontakt med Voss sjukehus og smittevernslegen på Voss.

Vi har fylgajnde råd å kome med:

  1. God handhygiene for alle på Voss Cup. Vi oppfordrar alle til å nytte sjansen til skikkeleg handvask ved høve.
  2. Vi oppfordrar alle om å berre drikka av eigne flasker, ikkje del flasker med andre.
  3. Dersom ein utøvar er sjuk før Voss Cup, bør han/ho ikkje delta. Vi refunderer deltakarkort som ev. ikkje vert nytta.

Vi vil ha tilgang på handsprit på salgsplassar og i matsalen.