VELKOMEN TIL VOSS CUP 16.–18. JUNI 2017

Gode Nyhende til alle deltakarar på Voss Cup 2017


Me vil at du skal koma att for å oppleva andre kjekke aktivitetar på Voss! Også i år har me fått på plass avtale med våre gode samarbeidspartnarar om Aktivitetskort til alle deltakarar på Voss Cup! Kortet inneheld gratis opplevingar som kan nyttast etter Voss Cup. Nytt av året er bading i det splitter nye Vossabadet som opnar hausten 2017!

Aktivitetskorta blir delt ut til lagleiar ved innsjekk i sekretariatet.

Fylgjande aktivitetar er med i 2017:Aktivitetskort

- Flyging i vindtunnel, Voss Vind

- Familierafting, Voss Active

- Dagskort i Myrkdalen

- Dagskort i Voss Resort

- Husdyrparken på Bordalen

- Bading i Vossabadet

Det er fortsatt nokre få ledige plassar att….

Me har utvida påmeldingsfristen til 16. mai, då det fortsatt er plass til nokre få lag.

Så vil du bli med på moroa – meld deg på i dag!