VELKOMEN TIL VOSS CUP 16.–18. JUNI 2017

Status frå Voss Cup

Til alle påmeldte lag

Voss Cup 2017 nærmar seg med stormskritt!

Vi vil gjerne minne alle laga som ikkje har betalt påmeldingsavgifta om at påmeldinga ikkje er endeleg før betalinga er registrert hos oss.

Vi nærmar oss fullbooka, så det er viktig at dette vert gjort raskt.

Når de loggar på i påmeldingssida, vil de kunne sjå om det er betalt om de er usikre på dette.

Vi vil også minne alle på å registrere deltakarkort.

Frist for registrering og betaling er 16. mai, men vi ser gjerne at dette vert gjort før.

Dette er spesielt viktig for A-kort og vi garanterer ikkje overnattingsplass for dei som ev. ynskjer A-kort etter 16. mai.

Oversikt over overnattinga og kampoppsettet håpar vi å ha klart i slutten av mai.

Velkomen til Voss og Voss Cup!